Brann marsjerte vidare i Champions League
I ein intens hete i Budapest hadde Brann få problem med å avansere i Champions League-kvalifiseringa mot Mitrovica. Champions League
Det var venta at det kom til å vere nivåskilnad på laga då Brann og Mitrovica frå Kosovo møttast i den ungarske hovudstaden onsdag føremiddag, i temperaturar like under 40 varmegrader.
I raudtrøyene sin første kamp i Europa denne sesongen hadde dei kontroll frå første spark på ballen, og sikra seg ein plass i finalen av miniturneringa som blir spela i denne kvalifiseringsrunda.
Tidleg leiing
Allereie etter sju minutt hamra Dilja Yr Zomers Brann i føringa, då ho fekk ballen servert inne i boksen frå Lauren Davidson. Islendingen viste si klasse då ho venda opp inne i Mitrovica sitt felt, og klinka ballen opp i nettaket.
Fem minutt seinare var det Amalie Eikeland sin tur til å sette ballen i mål. Etter ein feil frå Mitrovicas målvakt snappa ho opp ballen, og satte den via både stolpe og tverrligger før den kryssa streken til 2–0.
.jpg)
Målvakt Sunniva Skoglund fekk ein roleg debut for Brann etter overgangen frå Stabæk denne sommaren. Det tok ti minutt før ho endeleg fekk røre ballen, då etter eit kontrollert tilbakespel.
– Skoglund har fått ein roleg dag på jobben. Ho kan berre smørje seg inn med solkrem og stå og nyte sola i buret, sa VGs kommentator Benjamin Kvaale undervegs i kampen.
Før halvtimen var spela auka Anna Aahjem Branns leiing, før Zomers la på til 4–0 med ei strålande heading på bakarste stolpe.
Finale på laurdag
I andre omgang kunne Brann kontrollere inn kampen i den ungarske varmen. Innbyttar Heidi Halbmayr kontrollerte inn dagens femte Brann-scoring med ein strøken avslutning, og fastsatte med det resultatet til 5–0.
Den overbevisande sigeren gjer at Brann no er klare for finalen i miniturneringa i denne kvalifiseringsrunda. Den blir spela laurdag 16:30, også den i Budapest.
Der ventar vinnaren av oppgjeret mellom Ferencvaros (Ungarn) og PAOK (Hellas), som blir spela onsdag 16:30.
Vinnaren av finalen går vidare til det siste hinderet før ligafasen i Champions Leauge, ein playoff beståande av ein kamp heime og borte.
Taparen går vidare til kvalifiseringa av Europa Cupen.