Opprykksrivalar møtast i Tromsø

1. divisjon er tilbake denne helga etter eit lite opphold, og her er det mange godbitar å glede seg til.

Annonse:

Foto: Tromsø IL

Fleire av førehandsfavorittane i 1. divisjon har fått ein perfekt start på sesongen etter to serierunder. Åsane, Kolbotn, Start og Tromsø står alle med seks poeng etter to kampar, men til helga vil minst ei av desse rekkene ta slutt.

Dette er rundens kampar i 1. divisjon:

Grei – Viking, laurdag 15.00

Fyllingsdalen – Frigg, søndag 12.45

Tromsø – Start, søndag 13.00

Klepp – Odd, søndag 13.00

Bryne – Åsane, søndag 16.00

Arna-Bjørnar – Kolbotn, 25. mai 16:00

Storkamp i Nordens Paris

Tromsø og Start har begge fått ein perfekt start på årets sesong i Toppserien. Faktisk har dei to laga til saman berre sluppe inn eitt mål så langt i år.

I serieopninga blei Frigg slått av Tromsø 3–0, før Emma Ludvigsen blei matchvinnar mot Odd runda etter. I tillegg fekk dei oppleve ein ordentleg festkveld då dei i midtveka møtte Lillestrøm i cupens 1. runde, og gjekk sigrande ut av oppgjeret 9–1.

Men sjølv om det resultatmessig har vore god flyt for Tromsø denne sesongen, så har dei fått seg ein smell utanfor bana. 

Angrepsspelar Vilde Veglo rauk korsbandet for eit par veker sidan, og er satt ut av spel gjennom denne sesongen. Det er utan tvil eit tap for Tromsø.

Samtidig har dei signert den finske duoen Peppi Kontturi og Ria Karjalainen frå HPS Helsinki denne veka, noko som kan gi dei ein liten boost inn mot søndagens kamp.

For på søndag ventar det ein ny tøff kamp når Start tar turen til Tromsø. Gultrøyene står også med full pott på dei to første rundene, der Fylingsdalen og Bryne har blitt slått.

Kathrine Clement, Ina Marie Andresen og Marion Myrvold har alle fått ein pangstart på sesongen, og viser kva offensive kvalitetar dette Start-laget innehar. Skal Tromsø halde nullen for tredje kamp på rad i 1. divisjon må dei vere obs på trusslane som ventar.

BB250504BB225.jpg
FARLIG: Ina Andresen, her frå møtet med Åsane i fjor, er ein av spelarane ein må sjå opp for i møte med Start denne sesongen. Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

Viking tilbake på vinnarsporet

Eit anna lag som har til gode å sleppe inn mål denne sesongen er Viking. Likevel er dei eitt av laga som ikkje står med full pott før 3. serierunde.

Etter braksigeren mot Bryne i opningshelga blei dei haldt til 0–0 mot Arna-Bjørnar på Lyse Arena førre serierunde. Eit brent straffespark like før slutt frå Selma Løvås gjorde at det ikkje blei tre poeng i kampen mot ein av opprykksfavorittane denne sesongen.

Nora Heggheim har denne sesongen blitt flytta høgare i bana, og har vist seg som ein solid angrepsspelar, som kan vere ein nøkkel når Viking vil returnere til vinnarsporet når dei reiser til Oslo for å møte Gei denne helga.

Nyopprykka Grei har imponert fleire så langt i år. I seriepremiera blei det eit knepent tap mot Åsane, før dei slo knallhardt tilbake mot byrival Frigg førre runde.

Dei ga seg ikkje før det stod 5–1 på måltavla, der kampens høgdepunkt utan tvil var Maiken Johannesens elleville frispark som blei hamra rett i krysset frå 30 meter. Kort tid etter blei fulltreffaren kåra til månadens mål i 1. divisjon. Så Viking vil nok prøve å unngå å gi vekk frispark i skotposisjon.

NYE MÅL: Nora Heggheim håpar nok å få inn ein fulltreffar eller to når Viking besøker Grei på laurdag. Foto: Alexander Larsen / Viking
NYE MÅL: Nora Heggheim håpar nok å få inn ein fulltreffar eller to når Viking besøker Grei på laurdag. Foto: Alexander Larsen / Viking

Dei fire andre kampane i runda er:

Klepp – Odd

Fyllingsdalen – Frigg

Bryne – Åsane

Arna-Bjørnar – Kolbotn (blir spela 25. mai)

Odd står førebels utan poeng denne sesongen, etter å ha tapt 1–0 mot to av opprykkskandidatane denne sesongen, Arna-Bjørnar og Tromsø. Etter ein tøff start på sesongen håpar dei å snu lukka når dei reiser til Klepp for å møte dei nyopprykka grøntrøyene. Klepp må på sin side reise seg igjen etter det blytunge 7–0-tapet mot Åsane i førre serierunde. 

I likhet med Odd og Klepp har det vore ein tung start på sesongen for Fyllingsdalen og Frigg. På søndag vil minst eitt av desse laga få slutt på tapsrekka denne sesongen, og ta årets første poeng. Blir det nyopprykka Frigg, som har tapt for Tromsø og Grei så langt i år, eller er det lillatrøyene frå Fyllingsdalen som får seg ein opptur?

Åsane tronar øvst på tabellen med seks poeng, og +8 i målskilnad, godt hjulpe av storsigeren mot Klepp sist. Norun Skjeldal noterte seg for eit hat-trick, der to av scoringane var frekke chippar over Klepps målvakt, og Marina Jensen scora to. Dette er spelarar Bryne må stoppe dersom dei skal ta sine første poeng i 1. divisjon på søndag.

Den siste kampen denne runden blir spela ein månad seinare enn dei øvrege kampane, og vi går ut med eit smell. Arna-Bjørnar og Kolbotn er to lag som begge ser oppover på tabellen, med håp om å få spele Toppserien i 2027. Arna-Bjørnar har holdt nullen i begge sine kampar denne sesongen, og er eit lag det vil bli tøft å bryte ned. Kolbotn scora fem mot Fyllingsdalen førre runde, og er eit lag som veit kvar målet står. Mykje vil dog ha skjedd før denne kampen blir spela, men at det er ein kamp vi kan glede oss til er det liten tvil om.

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Åsane Åsane 2 2 0 0 8 0 8 6
2 Kolbotn IL Elite Kolbotn IL Elite 2 2 0 0 7 2 5 6
3 IK Start Kvinner IK Start Kvinner 2 2 0 0 5 1 4 6
4 Tromsø IL Tromsø IL 2 2 0 0 4 0 4 6
5 Viking Viking 2 1 1 0 4 0 4 4
6 Arna-Bjørnar Arna-Bjørnar 2 1 1 0 1 0 1 4
7 Grei Grei 2 1 0 1 5 2 3 3
8 Odds Ballklubb Odds Ballklubb 2 0 0 2 0 2 -2 0
9 Fyllingsdalen Fyllingsdalen 2 0 0 2 2 8 -6 0
10 Bryne Bryne 2 0 0 2 0 6 -6 0
11 Frigg Frigg 2 0 0 2 1 8 -7 0
12 Klepp Klepp 2 0 0 2 1 9 -8 0

Annonse fra Toppserien: