Slik spelast kvalifiseringskampane
COOP-ligaen er ferdigspelt, og Arna-Bjørnar og Viking skal møtast i ei innleiande kvalifiseringsrunde. Slik er deira veg vidare mot toppen av norsk fotball. COOP-ligaen Toppserien
Foto: Viking FK / Kristian Moe
Heilt inn i siste serierunde var spenninga stor rundt kven som skulle ta 2. plassen som gir direkte opprykk til Toppserien. Åsane, Viking og Arna-Bjørnar hadde alle ein moglegheit til å rykke opp på sesongens siste kampdag.
Med sin overbevisande siger mot Bryne var det til slutt Åsane som tok denne plassen, medan Arna-Bjørnar og Viking må ut i ei kvalifisering for å finne ut kven som skal spele om den siste opprykksplassen.
Dobbeltoppgjer
Kvalifiseringa frå COOP-ligaen spelast over to kampar, der laga møtast heime og borte. Kven som avsluttar heime blei trukke av NFF tidlegare i haust.
No er også tidspunkt for kampane satt, noko som betyr at dobbeltoppgjeret vil bli spela slik:
- 31. oktober, 15.00: Arna-Bjørnar – Viking, Arna Idrettspark
- 7. november, 15.00: Viking – Arna-Bjørnar, Lyse Arena
Vinnaren av dette dobbeltoppgjeret vil møte laget som enda på 10. plass i Toppserien i eit nytt dobbeltoppgjer, der vinnaren er sikra den siste plassen i Toppserien 2027.
Her vil laget som kjem frå COOP-ligaen avslutte kvalifiseringa på bortebane.

Kampen om plassen COOP-ligaen
Samtidig vil det også bli spela kvalifisering for å sikre den siste plassen i COOP-ligaen 2027.
I første kvalifiseringsrunde møtast dei to laga som enda på 2. plass i dei to avdelingane i 2. divisjon heime og borte:
- 1. november, 13.00: KIL/Hemne – Øvrevoll Hosle, Trøndelag Sparebank Arena
- 8. nobember, 13.00: Øvrevoll Hosle – KIL/Hemne, Ferd Arena Hosle
Vinnaren av denne kvalifiseringsrunda skal så møte Kolbotn, som enda på 10. plass i COOP-ligaen i år.
Her vil Kolbotn avslutte på heimebane, helga 21./22. november. Vinnaren er sikra plassen i COOP-ligaen i 2027.
