Vålerengas Champions League-eventyr er over

Svensk motstand venta for Vålerenga som det første hinderet på vegen mot Champions League-spel denne sesongen.

Annonse:

Fjorårets 2. plass i Toppserien gjorde at Vålerenga fekk ein tøffare veg mot Champions League i år, enn dei har hatt dei føregåande sesongane, i form av andre lag som ikkje vann sin heimlege serie førre sesong.

Vålerengas første hinder denne sesongen var svenske Malmö i steikande hete i Tyskland.

Tett kamp

Som venta blei det ein tett kamp mellom to jamne lag. Fram mot drikkepausa i første omgang hadde Vålerenga eit lite initiativ, som Malmö tok over i andre del av omgangen.

Etter ein halvtime fekk Malmö også utteljing, då Älvali Lindstrom var først på eit lavt innlegg. Avslutninga satte ho via tverrliggaren og i mål, og sørga for svensk leiing til pause. 

I andre omgang lugga ting meir for Vålerenga, og dei sleit med å få satt eit ordentleg press på det svenske laget.

Då timen var spela lausna det meir for dei blåkledde. Ronja Foss Arnesen hamra til frå 16 meter, ei avslutning målvakt Zecira Musovic berre så vidt fekk ut til corner.

Kort tid etter var Vålerenga fire mot fire på ei kontring. Foss Arnesen fann Tuva Espås, men hennar avslutning gjekk eit godt stykke til side for Malmö-målet.

Marie Moen Preus fekk også satt Musovic på prøve, men klarte ikkje å sette ballen i nettet.

FRUSTRERANDE: Det blei ein frustrerande kamp for Vålerengas del. Marie Moen Preus (t.v.) og Tuva Espås hadde begge sjansar til å score, men klarte ikkje å få utteljing.
FRUSTRERANDE: Det blei ein frustrerande kamp for Vålerengas del. Marie Moen Preus (t.v.) og Tuva Espås hadde begge sjansar til å score, men klarte ikkje å få utteljing.

Då var heller Malmö nærare å få utteljing mot slutten av kampen, då først ei feberredning frå Fanney Birkisdottir hindra Malmö, før den påfølgande corneren enda med ei Malmö-avslutning i stolpen.

Ny kamp på laurdag

Vålerenga skapte to enorme sjansar på overtid av kampen, men når ingen av dei klarte å overliste Musovic var det Malmö som sikra seg avansementet i Champions League-kvalifiseringa.

Det tapet gjer at Vålerenga no må ut i kamp om tredjeplassen i miniturneringa i Tyskland. Der møter dei taparen av Eintracht Frankfurt (Tyskland) og Omonia Nicosia (Kypros), som blir spela på onsdag klokka 19.

Kampen om tredjeplassen blir spela på laurdag klokka 13.00. Vinnaren av den kampen går inn i 1. kvalifiseringsrunde i Europa Cupen, medan taparens Europa-eventyr er over for denne gangen.

Annonse fra Toppserien: